Aasmund Olavsson Vinje, som nå er blitt 48 år gammel, anmelder Henrik Ibsens Brand, som utkom i mars i sin avis Dølen. Anmeldelsen fyller et helt nummer av bladet.
Vinje sammenlikner Ibsen og Bjørnson, og omtalen bærer også et visst preg av at han på samme legger inn et ord for at Stortinget skal gi Ibsen dikterlønn. Å lese Ibsen er en lek, for han er kunstner, mens å lese Bjørnson er pliktarbeid, for han mangler de to tingene som en dikter må ha: djupsinn og slagvidd i tanken og malende og natursanne liknelser, mener Vinje.
Men både Ibsen og Bjørnson dikter opp usanne mennesker, figurer som ikke hører livet til, eller er hjemme noe sted, skriver han. De er tenkte abstrakter eller begreper, slik som Ibsens Brand. Med sine absolutte krav er han ikke noe evende menneske, og derfor vil ikke Vinje ta denne fanatikeren på alvor. I stedet må han lese Brand som han i sin tid måtte lese Bjørnsons Arne: Skjemtefullt. Han er for ravende gal til å bli tatt alvorlig.
Vinje skriver:
"Brand, dramatisk Dikt i 5 Handlingar af Henrik Ibsen, er eit makalaust Dikt i sit Slag. Ved Ordet makalaust meinar eg daa nærast her, at ingen annan af vaare Comediskrivarar sosom A. Munch eller B. Bjørnson kunna skriva so dramatisk eller med den poetiske Glans eller den leikande Magt over Tungemaalet, som Ibsen. Skal der vera Tale om Samanlikning, so standa dei der som flaue Herrar mot Ibsen. Dette skal Literaturhistorien segja, om so han gjeng lønalaus; og den skal segja dette til Spott og Skam for dei Magter, som hava lønt deim og ikki honom.
No, Munch er ein eldre Mann med sine gode Ting, sosom "Brudefærden i Hardanger", og han er i det Heile af eit annat Slag, so eg ikki her vil draga honom in i Samanlikningi. Eg har gjort mine "Forstudier" til ei Samanlikning millom desse tri Kultarne; men eg lyt her lata vera at ganga so langt in i dette literære Emne. Eg maa taka det, som practisk ligg for Dagen, og dette er daa, at taka Bjørnson litt med, idet eg talar om Ibsen og hans "Brand", for eg ventar, at desse mine Ord kunna gjera sit med til det, at Storthinget kunde løna Ibsen likso vel som Bjørnson, om so Kyrkjedepartementet i sit poetiske Syn ikki vilde føra honom up paa Lista. Eg trur at kunna vera like rettferdig som Literat, om eg tek denne Pengesak med. Og det er i Kritiken som i Poesien, at det er uplysande at bruka Samanlikningar.
Det er sagt om Wergeland og Welhaven, at dei samanlagde vilde hava voret ein Mann af første Rangen. Men, før eg las Brand meinte eg, at der aldri kunde koma meir ut en ein Mann af tridje eller andre Rangen, om Bjørson og Ibsen vardt ihoplagde; for Bjørnson har ikki som Wergeland den poetiske Naturkraft, som der paa den eine Sida skal til for ein Førsterangs-Poet, og Ibsen havde ikki som Welhaven den Gløsing og Blenking, det Vit og det Skjemt og den Leiken, som der paa den andre Sida skal til for at faa ut ein slik Mann. Men no efter at hava leset Brand maa eg halvt tru, at Ibsen vilde kunna hava voret den eine Storenden af ein stor Mann. Det skal fælande myket til at vera ein stor Mann. Der er berre tretten Stjernor, trur eg, paa Himilen af første Rangen, og i Verdsens Historie er der knapt fleire. Holberg er ein, og det den einaste i vaart Bokrike.
Ein Mann af første Rangen maa skapa ei ny Tid, so Folk sidan liksom reikna Aarstalet fraa honom, liksom den Dansk-Norske Literaturen har gjort det fraa Holberg. Det er derfor eit Spursmaal, om all den Fossen af aandelige Kræfter, som Wergeland og Welhaven i eit havde framfløymt, vilde hava kunnat skapat eit nytt literært Aarstal; for til det havde høyrt for eit Folk i vaar Stilling, at dei i sama Meining som Holberg maatte hava utbildat eit nationalt Spraak, og til dess var der knapt endaa Tid, endaa naar den rette Mannen kjem, so mognar han alt. No skulde det for Bjørnson og Ibsen vera ei mognare Tid til dette, men til denne Sida af den store Mannen hava dei endaa mindre Emne en Wergeland og Welhaven; for Bjørnson verdt meir og meir kjøbenhavnsk i Maalet sit, og Ibsen er enno knapt so national i sine Vendingar som Welhaven stundom kunde vera, endaa Spraaket til Ibsen flyter naturleg lett Norsk og mest her i Brand.
Eg reiknar ikki det, at han imillom bokstaverar eit og annat Ord rettare og some galnare, f. Ex. "till", en andre, endaa dette og gjerer nokot. Med alt det gode vi derfor kunna segja om desse tvo Kararne, so maa ikki Nationen venta formyket af deim heller. Det verdt ingre Kongar i Bokriket. Kunna dei faa eit Herad, so er det store Ting, og det fortener vel Skillingen sin, helst i ei Tid, daa der er so smaatt med gode Skribenter hjaa vaare næraste Grannar.
So det var det! Ibsen er som alle aandrike Menn interessant at lesa. Eg verdt sjeldan kjeid under Lesnaden af hans Dramaer. Derimot er det eit Pligtarbeid at lesa Bjørnsons. Det maa til, men det gjeng traadt. Den blanke Kniven med den kvasse Odden til Ibsen leikar meir i Hugen min en Smørsmilen til Bjørnson. Ibsen kann hava Lyn og h er i "Brand" er der mange. Og so kann Ibsen betre byggja eit Drama. Ikki eingong det vesle Stykket dei "Nygifte" har nokon dramatisk Bygning. Det maa summa seg up i ei Forteljing paa Slutten. Ibsen er i det Heile ein større "Artist" eller Kunstmann. "Kongsemnerne" hans har truleg ein betre dramatisk Bygning en nokot Drama i desse tri Nordiske Rike af sama Slag. Det er eit Kunstverk for alt det, som det vantar, og det visar Mannen med det dramatiske Talent.
Og so er Ibsen ein større Artist til at bruka Spraaket en Bjørnson. Ibsens Vers ero lette og naturlege; det er Tactslag og Sprett og Spenn i deim. Dansken Paludan-Müller er den einaste af no verksame Poeter, som i dette Stykke kann samanliknas med honom. Om Bjørnson er der sagt og det med Rette, at han ikki enno kann skriva Vers i Ordets spraaklege og musikalske Meining. Hans einaste Dikt med spraakleg Drift og Flog er "Over de høie Fjelde"; men jamvel der kjem han af og til ut af Tacten, og der er i det første Verset ei Samanbinding, som baade er grammatikalsk og logisk meiningslaus. Det er i mange Stykke eit vakkert litet Dikt, men der er ikki det Flog og den poetiske Elden i det som f. Ex. i "Maageskrig" af Ibsen.
Her i Brand overgjeng Ibsen seg sjølv i si Maalkunst. Det er eit spraaklegt og satirisk Meistarverk som nærast kann samanliknas med "the Dunciade of Pope" (Daarediktet). Eg kjenner ikki nokot annat Sidestykke til det af det Slag i nokon annan Literatur. Det er beiskt og bitande og vittigt og poetisk. Med sine Feil – og der er mange – er det eit sjeldfengt Stykke, som vilde vera ei Vinning for den største Literatur. Det vilde vera urimelegt at samanlikna Bjørnsons Arbeid med slik Eld og Glod og Hat og Harm i all sin lette Dans. Hans Gaavor liggja paa ein annan Kant, og dei vilde, sosom han fraa først evnade, kunna verma om ikki gløsa. I Forteljing og eit Slags barnleg Stil vilde han med eit grundigare Studium af Folket og Literaturen kunnat hava gjevet os varige Ting, og snur han om kann han gjera det enno. Og naar han so attaat dette kunde læra seg til at vera naturleg, so vilde han kunna fortelja mangt hugsamt, og hans Emne til at draga fram eit og annat smaatt i Naturen vaar er ikki liten. Men at vera stor for honom i Ordets rette Meining vil aldri bera fram. Han vantar dei tvo store Ting for ein Diktare, nemlig Djupsinn og Slagvidd i Tanken og maalande og natursanne Likningar. Du skvett aldri up af nokot nytt og slaaande hjaa honom. Men hjaa Ibsen sprett Du stundom up og ropar: "Nei, det er nytt!" Originale i Ordets rette Meining er ellers ingen af deim baade tvo. Du høyrer dette snart berre ved at tala nokre Ord med deim. Lyfter derimot Welhaven up Munnen sin, so høyrer Du med eit, at der er annat To i den Karen.
"Men, Publikum, Publikum daa, som slikt har dregjet Bjørnson fram mot Ibsen", kann Lesaren segja. Ja, Publikum er med alt si Dygd som Sauden: naar den eine hoppar ut i Bekken, hoppar heile Hopen efter. Og so gjerer Bjølla so fælt myket i Saudeflokken. Han er musikalsk Sauden og. Ibsen har gjengjet sin jevne Veg. Han er ikki sett i Scene. Og han er ikki, sovidt eg veit, med i nokot "gjensidigt aandeligt Assurancecompagni"; og naar alt fær si Tid, so vil ikki hans Brand trenga til det heller. Han har havt eit litet, men godt Publikum.
Bjørnson derimot er ein Massaniello. Han vita vi gjorde seg til Styresmann for Lazzaronnerne, og dei ero mange; men so vardt han ør af si Magt, og dei Kararne er ingen stød Fot under Kongestolen. At Bjørnson er godkjend af Storthinget, segjer ikki stort i annat en i Pengevegen. Rolf Olsen, som der forstod seg best paa slike Ting, han fann den store Rosen over Bjørnson ugrundat, og han drog fram Ibsen. Gamle Holmbo var afgudat af Bjørnson i Bergen under Valstriden til Storthinget, og han er og eit Menneske. Og at vera eit Mønster paa ein Amtmand som Aall er ikki det sama som at døma rett om Poesi, so at Literaturhistorien vist ikki legg stort Lag paa den Rosen, som Bjørnson har fengjet i Storthinget framifraa Ibsen; og at Statsraad Riddervold har ført honom up paa Poetlista veger vist likso litet i den Skaal. – No daa nokre Storthingsmenn vilja draga fram Ibsen til Riksløn likso vel skulde Riddervold segja til Bjørnson, som gjekk in til Statsraaden i det Erind: "Ja, men vi kunna ikki løna af Riket den Mannen, som fører Strid imot Egteskapet slikt som Ibsen i sin Kjærlighedens Komedie." Dette maatte Bjørnson medgjeva var sannt.
Men det er ikki sannt, naar alt verdt seet i den rette Samanheng. Han fører Strid imot Handel og Vandel i Giftarmaal som Poeterne plaja gjera. Derimot er det ikki fritt for, at han gjerer Narr af somt Prestevæsen, og det maatte vist vera det, Statsraaden tenkte paa. Truleg er Statsraaden for klok til sjølv at kjæra seg stort om slikt, men daa han no stend der paa Taarnet til den Norske Kyrkja, saa lyt han snu seg efter Luftstraumen. Ibsen er imillom nokot uvyrden i slike Ting, men daa han berre fører Strid mot det han trur er vondt, so vilde det vist vera det rettaste at lata Hengehovud fordøma honom. Den uplyste Mannen bør sjaa efter Grunntanken og ikki vera ordsaar; for Ibsen gjeng ikki sovidt, at det bør støyta tenkjande Lesarar, og det han skriver er ikki for den store Aalmugen. Her i Brand er han endaa friare paa det i slike Ting; men heller ikki her gjeng han sovidt, at ein Statsmann som ikki er Lesare for den Skuld kann neitta honom si poetiske Løn; for det er ikki som Prest han verdt lønd. Alle satiriske Skribenter taka det frit i den Vegen, og Holberg vardt og afdømd for det sama af "Pietismen" i den Tid. Skulde Landsens Styresmenn taka det slikt, so maatte Livet stande stilt og all friare Meining brennas up som i Katholicismens myrkaste Dagar. Riddervold er vist ein altfor uplyst Mann til at taka slikt for Aalvor. Og Synd vilde det vera om honom, naar han, som ein Riksstyrare skulde sjaa seg nøydd til at ofra ein af Sønnerne sine til Faavitets Moloch. Stakkas Riddervold daa, og stakkars Land, som har slike Styresmenn!
Naar Engelskmannen i gamle Dagar gjorde eit Landkort, so sette han i Afrika Elephanter istadenfor Folk og Byar der han ikki var kjend. Du seer paa slike Kort i det indre af Afrika fullt af Elephanter. Slikt gjera dei Danske og dei Svenske med Bjørnsons Arbeid. Dei kalla Norsk nationalt det, som er urimelegt, og som dei ellers ikki kunna faa in i Hovudet sit. Sjaa no her i desse "Nygifte". "Amtmanden", som kanske kunde vera ein gamal Adelsmann i ein Tysk Ravnekrok, er ein "Norsk Figur", segja dei Danske. Dei maa finna ei Meining i det, stakkars Folk. Og "Mathilde", som kanske kunde vera ei forskruvat Tysk Romandame fraa sæle Hoffmanns Dagar, ho verdt i Sverige utklædd som ei Norsk Bondegjente! Det er flirande; men, om vi verdt gjorde til eit Land af Daarar, so faa vi likevel ein Poet som Nationens Tolk, og dette lyfter Bjørnson up framifraa Ibsen. Farcen er i full Gang. Det er ellers rimelegt, at mange Folk i Stockholm med Hovudet fullt af alle daarlege Romaner er "fortjusat" over dei "Nygifte", helst daa Svensken som den høflege og fine Mannen er ein "Rosiflengius" over den Norske Literaturen, som kjem dit. Vi sjaa ellers at dei dygtigare Svenskar taka det med større Aalvor, f. Ex. Mannen i Posttidningen (Strandberg?)
Ja dei setja Elephanter desse Folk paa det ukjende Norske Landkortet. Danske Smaksdomarar hava tekjet Ibsens og Bjørnsons "Figurer" som Merke paa, at vaart Samfund maa vera uprivet og usams og aandelegt sunderslitet. Paa dette vil eg svara ved at oversetja nokre Ord af Juleheftet 1864 Westminster Review Side 47. ––
"Nie ut af tie Franske Noveller og Dramar snue seg om det, som vi kalla forboden Elsk. Det Franske Liv, slikt som det er maalat af Poeterne, driv paa med at faa fatt i Dotteri til den arme Grannen eller at faa Tak i Kona til den rike. Men slikt er ikki det Franske Liv. Det vilde vera likso usannt at døma det Franske Liv efter Feydeau, Dumas den yngre, Edmond About og Theaterpoeterne af den dramatiske Skulen til Sardou, som det vilde vera urimelegt at draga ut af Wilkie Collins og Miss Braddons Noveller, at der i kver Engelsk Familie mindst er ein Mordare baade af Mann og Kvende og ein Galning."
Tingen er den, at desse vaare Poeter liksovel som dei nyare i Frankrike og England liggja utanfor Livet, som dei anten ikki kjenna eller ikki hava Magt til at maala, men taka Folk, som dei sjølve hava tenkt seg istadenfor dei livslivande. Det er lett og at maala eit Paafund istadenfor eit sannt Liv; for dei hava leset her og der om slike Skuggar, og so gjera dei daa slike laante Tankeskuggar til Norske.
"Men kjære", sagde eg eingong til ein eldre klok Mann, "kjære kvat kann Grunnen vera til at disse vaare Poeter Ibsen og Bjørnson ikki maala Livet som det er eller kunde vera, men finna fram Figurer, som ingenstad høyre heima?" "Hm! svarade han, dei kjenna ikki Livet; dei maa hava voret for litet ute og ellers ikki lagt Merke til det." "Sannt", meinte eg, "men den sanne Diktaren skulde vera fødd med Grunnplanen til Livet i sit eiget Hovud; han skulde hava liksom Aftrykket eller Photographiet af det fraa Naturen, so han kunde maala det sannt, om han so aldri kom stort ut og fekk vekkja det sovande Verdenslivet i Tanken sin, eller fekk blenkje up Spegelen sin til at straala Billætet ifraa seg. Det velbygde Hovud er liksom ei Utskirning og Forklaaring (Destillat) af Livsens Logjer baade i Naturen og Mannatanken. Det er dette som skulde vera Geni, vera Diktare".
"Ja," svarede han, "men so er desse Diktarar korkje Genier eller Diktarar i Ordets rette Meining. At vera natursann er det første Krav."
So spann der seg daa ei Samtale ut om det unaturlege f. Ex. i Hjørdis, og Kongen og Skule og Bisp Nicolaus i Kongsemnerne, og likeins om Bjørnsons Figurer sosom Synnøve og Arne, og Sverre og Sigurd Slembe. Det er tenkte Folk, Abstracter meir eller mindre, allesaman; og havde vi daa kjent Marie Stuart og dei Nygifte og no her denne Brand'en, so havde vi havt betre Exempel en daa. Det er ikki Folk men "Begreber", og var det Folk, so vilde det sunne Mannavit døma deim til Daarehuset.
Det er tungt at segja det: det er ei ufrugtbar Diktning, som altid vil standa utanfor Livet, liksom den sjølv stend utanfor det, ei Diktning, som litet vil hjælpa paa den nationale Uplæring. Derfor sagde og nokre af vaare mest upplyste Bondestorthingsmenn om dei Nygifte: "Hm! ja, det kann vera for Byfolk at sjaa slikt." Og om Brand veit eg dei maa segja: "Nei denne Mannen er daa reint galen!"
Eg er ikki den, som gjerer Bonden, om han er aldri so uplyst, til Hægsteretsdomaren i slike Ting. Men, han talar ut den sunne Sans, og dei Poeter, som støyta ifraa seg den, missa si høgre Hand. Folketanken kunna dei aldri gripa, og Nationen kunna dei aldri lyfta. Dei skriva i Sanden, og den første Vinden blæs Bokstavarne ut.
Ein Figur som Brand er derimot vekkjande for dei færre meir upplyste Folk; for der er Aand om den er aldri so blodlaus. Dei Nygifte kunna vera fine paa sin Vis og vera, som vi sjaa, det tilgjorde eller affecterede hin. Det er ei rett fin Potteplante. "Det er for Byfolk", sagde Storthingsmennerne.
Det er ein merkjelig Ting med disse tvo Poeter, at dei liksom ikki synes at kjenne Grensa millom det Tragiske og det Komiske. Dei meina det aalvorsamt, men midt i Aalvoret sit maa dei synast for den klokare Mannen skjemtefulle. Philosophisk talat, so ero dei subjectiv Tragiske, men objectiv Komiske. Bjørnson trur at vera aalvorsam naar han er flirande, og Ibsen trur vist baade her i Brand og i Bisp Nicolaus i "Kongsemnerne", at vera tragisk naar han verdt skjemtefull. Derfor tok eg i si Tid "Arne" for ei Skalkeherming (Parodi) paa Bondelivet, og derfor vilde det vist vera det rettaste at taka Brand som eit storslegjet Skjemtedikt, og det somyket heller, som Ibsen kan vera ein stor Skjemtarskalk med sine flirande Baktankar.
At draga up Grensa millom det Aalvorsame og det Skjemtefulle, millom det Tragiske og det Komiske kan vist ingen Mand gjera. Kver flytter Grensa litt til den eine eller den andre Sida over det rette Skiljemerke, eftersom han er lagat og har Kunskaper til, ja den eine kan jamvel synas, at alt i Livet er Tragisk og den andre, at Alt er Komisk; men daa ero no og baade disse Folk vitlause. Der er ei Grensa millom disse tvo Ting liksovel som millom Dag og Natt, men der er i Overgangen liksovel ei Skymring her som millom det fulle Ljos og det svarte Myrkret. Det er slikt med alle Motsetningar i Tanken vaar.
Eftersom ein Mann kjenner Livet greidt og klaart til, vil han vera gløgg paa den rette Grensa millom slike Motsetningar, og med eit kvekkja up og sjaa, naar nokon stiger over den. Det er det gode Hovud og den rette Jamvegt i Tanken, som er den gløggaste paa denne Grensa. Den dumme eller den sinnssjuke Mannen rører alt ihop, det sama gjerer den, som er Træl af sine Lyster, kort den, som er forblindat af eit eller annat.
Og so kann det liggja i Huglyndet og i den sereigne Grunntanken om Mannalivet. Derfor sjaa vi no so ofte, at den eine lær, naar den andre anten græt eller tek til Graaten. Det er vaar Sinnslagnad sosom Sorg eller Glede, som her gjerer somyket til Utslaget. Men, om vi sjaa burt fraa alle disse Innvirkningar paa os, so er der eit Maal og ein Maate med det; der er ei Grensa millom Skjemt og Aalvor som stend æveleg fast i den friske Mannatanken.
Det kann vel henda, at eg er so lagat, at eg lettare en mange andre tek ein Ting for Skjemt, som er meint for Aalvor. Naar eg synes det er altfor uliklig til at vera aalvorsamt, so ser eg det i det skjemtefulle Ljos. Eg meinar som so daa, at Mannen ikki kan vera slikein Forviting at taka slik Galskab aalvorsam, og om han tek det aalvorsamt, so er det likefullt i seg sjølv og sine ytre Virkningar (objektivt) skjemtefullt. Derfor tok eg, som sagt, "Arne" skjemtefullt og likeins dei "Nygifte". Eg lo, so det huskade i meg aat deim, og fann i "Arne" ei Satire paa den raae Skildring af Bondelivet og i d ei Nygifte eit Skjemt over eit af Romaner forskruvat Liv. Det er trulig, at Bjørnson havde meint det aalvorsamt, men derfor slog hans Dikt meg like skjemtande og kanske endaa meir en om han havde meint paa at vera ein Skjemtarskalk. Det er netup Motsetningi millom det ein Mann vil vera, og det han er, som er det mest flirande.
For rett at njota det glimrande i Brand maa eg derfor taka honom skjemtefullt. Han er for ravende galen, maa vita, til at vera aalvorsam. Alt i første Akt verdt dette klart, daa han Side 28 segjer:
Einar.
"Og nu skal Slægten skabes om?
Brand.
Det skal den, du, saa sandt og visst.
Jeg ved at jeg til Verden kom,
Som Læge for dens Sot og Brist!"
Dette maa vera eit Skjemt over unge Folk, som tru at dei kunna omskapa Livet; for den Mannen, som trur slikt er likefram galen. Og det kann vel ingen falla paa at koma med Christus som Prov herimot. Dei siter mangein paa Daarehuset, netup fordi han trudde slikt om seg.
Alt før dette fekk eg ein og annan Tanken om, at Mannen maatte hava ein Skjelm bak Øyra, sosom daa han skjemtar med den smaklause Bruk af Gud og hans Navn, idet han kallar "Gud ein Stormand", og
Bonden.
Gaa paa Vand!
Du holder mindre end du lover.
Brand.
En har dog vist, – er Troen sand,
saa slipper Karlen tørrskod over.
Og:
Brand.
Han, som du nævnte, havde Moer.
Bonden.
Ja, det var længe før ifjor.
Og:
Brand.
Da lider du for Herrens Sag.
Bonden.
Mig rager ikke hans og dine.
Og:
Brand.
Du er alt paa den brede Vei.
Bonden.
Gud give at det var saa vel.
Slikt talar ingen Bonde. Det maa Ibsen vita altfor vel, og derfor maa det vera Skjemtet hans, endaa det er eit upasseleg Skjemt i den Samanheng, for der er inkje Merke paa at Bonden er ein Skjemtarskalk. Til det sama Slag høyrer det Side 17, at Gud er "mageløs" og "prægtig". Det maa vera det kjøbenhavnske Pjatt han her snertar. Han skjemtar mangt og myket over eit daudt Kyrkjevæsen, og ei av dei beste Satirer eg har seet over denne aandlause Omvending, er Einar daa han kjem atter til Brand som ein omvend Mann efter eit syndefullt Liv og vil ganga som Missionær til Halenegerne. Alt er her i Hengehovud-Stilen f. Ex. Side 224-225:
Ved mig der klæber ingen Plett;
jeg skyllet er i Troens Tvætt;
afgneden er hver Søleskvætt
paa Hellighedens Vaskebrett.
Jeg renset har min Adams-Ble
ved Hjælp af Vaktheds Banketræ;
jeg som en Messesærk seer ud
ved Brug af Bønnens Sæbelud.
Alt dette lettferdige Snakk visar den harmfulle Spott over Livets flate Syn paa slike store Ting. Og her vil vist Riddervold finna nye Grunnar til ikki at upføra Mannen paa Poetlista si. Ibsen bør faa litt Riis for si barnagtige Omgang med slike Ting; men at taka dette so aalvorsamt at svelta honom ut for det, er for stridt; for i sin Grunntanke vil han ikki læra Folk annat en det, som godt er.
Over Skandinaverne skjemtar ellers Brand mest, desse Folk som toko Lov om Hjælp fraa nokre faae unge Studenter i eit varmt Lag for Lov om Hjælp fraa det heile Norske Folk eller fraa Regjering og Storthing. Det var i Grunnen mest Smaaungar, som talade paa desse Studenterferder, og dei, som taka desse Ungdomsord som Pant paa at det Norske Land skulde koma ned til Danmark og slaast med Tysken i ei tvilsom Sak, dei fortena ærlegt all den bitande Satire her i Brand f. Ex. Side 25:
Gaa blot omkring i dette Land,
og hør dig for hos alle Mand,
og du vil se, enhver har lært
sig till at være lidt af hvert.
Lidt alvorslørt til Brug i Helgen,
lidt trofast efter Fædres Sed,
lidt lysten efter Nattverdsvælgen, –
thi det var samme Fædre med, –
lidt varm om Hjertet er der Gilde
og Sangen runger for det lille
men klippefaste Klippefolk,
der aldri tog mod Stryg og Svolk, –
lidt ødsel naar det gjælder Løfter, –
lidt haarfin naar han ædru drøfter
det Ord, som gaves i et Lag
till Løsning paa en Alvorsdag.
Dog alt, som sagt, kun ganske lidt;
hans Fejl, hans Fortrin, gaar ej vidt;
han er en Brøk i stort og smaat,
en Brøk i ondt, en Brøk i godt; –
men værst det er, – hver Brøkens Del
slaar Brøkens hele Rest ihjæl.
Den Skandinavismen maa han vera harm paa; for der kjem fram altsom tidast smellande Snert paa "svikne Løfter." Ved ellers at draga ut hans Meining af hans tidligare Ord, so skulde han netup vera Skandinav, men det er betre at gjera Mannen til ein Skjemtarskalk en til ein Daare som slæst med sjølvgjorde Vindmyller.
Ja, det er Vindmyller dei reisa seg up og sidan slaast med mange af desse yngre Poeterne. Det spanar og gjev poetisk Sprett og Spenn fyrst at skapa seg i Inbildingi nokot stygt og vondt og so laupa paa denne Møkkurkalven sin som ein Stridens Thor. Dei kjenna so litet til det sanne Liv og magta dette so litet, at dei finna ingen Poesi i det. Nei daa kann der koma nokot annat til Larm og Leven ut af det at jaga efter Skuggar.
Slikein Skugge er og "Tidens Halvhed", som Brand jagar efter seint og tidleg. Eg undrast, naar Tiden har voret meir "heil" en den no er? Den, som kjenner litt til Historien og Livet fører aldri slik Strid mot "Tiden". Gud bevares! den er altid "halv" mot den Mønstertid vi kunde tenkja os; og Folk hava godt af at høyra ilt, om dei so aldri fortena det. Dei fleste læ berre aat slikt Skjell og Smell, men det biter likvel paa some, og det er vel at Poeterne hava "Dampen uppe." Naar dei læra litt meir og faa det betre i Livet, so gjeng den snart ned. Det kann spaa ei Framtid at slaast med Chimærer eller Indbildningar. Sjaa soleides Welhaven i si "Norges Dæmring." Det er tidsnog at bli satisfait eller fornøgd. Der sitja dei Krokarne og tru, at det er Fant med Livet, fordi det er Fant med dei sjølve. Jamvel slikein Mann som Thackeray tok det slikt, at Livet var vondt, daa han sjølv havde det vondt, og godt daa det vardt godt for honom sjølv. Naar eg derfor seer ein Mannahatare, so spyr eg: "Er Mannen sjuk? er han solten, eller er det eit mislykkat Subject." Den, som ikki er lyft up over slik Stakkarsdom i Livet, har ingen Rett til at klaga over det.
Det er nokre underlege Skruvar slike Poeter. Dersom eg var so misnøgd med Landet som dei, so vilde eg fara fraa det og aldri sjaa det meir, og eg vilde vera for stolt til at taka imot somyket som ein Skilling af slikt Fantepakk.
Men at dei ikki taka det slikt visar, at dei ikki meina stort med alt sit Skjell og Smell. Det er Skuggar, Abstracter, dei jaga efter. Ibsen vilde gjera sit største Dikt ved at læra Italiensk og f. Ex. slaa seg saman med ein Stokfiskhandlare fraa Bergen i ein Italisk By. Dei skulle tena gode Pengar paa den Handelen dernede. So skreiv han paa Italiensk, om han havde Tid. Og so saag han aldri Norge. Gjorde han det, vilde han vera ein Mann med Mod og Magt og Character. Daa vilde der vera den sanne Poesi i den patriotiske Harmen hans. Men, der skal ingen "Halvhed" til slikt; og "Halvhed" segjer han er eit Tidarmerke. Det maa so vera, daa Poeterne sjølve ero halve.
Og vilde han ikki setja seg ned i Italia, so kunde han slaa seg ned i Danmark, som han og synes at lika betre en Norge, og der han lik Bjørnson prentar Boki si. Dei burde fara dit baade tvo, og den Norske Nationalitet vilde aldri draga ein Sukk efter deim. Var eg Storthing, so sagde eg: "Kvi fara de 'ki dit, Gutar?" Men naar det løner den eine, so lyt det løna den andre; for Ibsen er daa meir national en Bjørnson.
Der er stor comisk Styrke i denne patriotiske Harmen til Brand, naar alt slikt dansar for Lesarens Tanke, som det gjorde i min. Eg storlo og las som i Feber desse dansande Vers. Og so kjem daa Brand sjølv som ein heil Mann i Striden sin mot alt det halve. Ja, han er heil den Guten. Der er inkje Afslag i Galskapen; heil alt til han verdt nedgraven i Snjoskrida, som eit slikt Umenneske ærleg fortener.
Det kann umogeleg vera meint, at slikt eit Udyr skulde vera tragisk. Han vil ikki som Son og Prest koma og gjeva Moder si Sacramentet, for ho, den gamle staalslitne giruge Stakkaren, enno heng ved nokot af Rikdomen. Han river liksom Hjarterøterne ut af si arme elskelege Kone ved at truga hena til at gjeva burt den siste Kluten efter Barnet sit til Taterkona. Alt skal vera heilt. Det er fælt, det er sunderskjerande.
Men, det maa vera Skjemt over alt slikt fælt Gods i somt af det nyare Bokrike. Det var som Skjemt eg tok det; ellers havde eg slengt Brand'en lukt i Elden. Som Satire over Vilskap i Smak er derimot Diktet stort og gripande. Daa verdt der Samanheng og Styrke i det at han drep si Kone; for det gjerer han om just ikki likefram med Kniven; daa verdt der Meining i det at han kastar Nyklarne til den Kyrkja han sjølv har bygt i Elvi; daa kjem der Meining i hans Taler til Soknefolket og Futen og andre; daa kjem der Tanke i hans Strid mot "Humanitet" og i Byttingen Gerd, som flyg ikring og skrik som ei Kattugle; daa verdt hans siste Stund i Fjellet og Snjoskrida stor; daa verdt denne Fanatikeren, denne Villstyringen, dette Abstractum, denne "heile" Mannen ein makalaus Spott over Tidens romantiske Smak, over det, som Engelskmanden kallar Sensations-Noveller. Skulde det derimot vera meint i Aalvor, vilde det likefram vera criminelt.
Det var som Skjemt eg las Brand, daa eg straks i første Act fekk omraada meg. Og daa saag eg og kjende alle Naalsoddar, saasom f. Ex. den raae Framstelling af Bonden og Bondetenkemaaten i 2den Act under Kornutdeilingi, og daa den Mannen drep Barnet sit og seg sjølv attpaa af Armod og Hunger. Bonden vaar kann vera arm, men han er fin, han er delicat i Tenkemaaten sin, naar det rett leitar paa. Han er eit Menneske og ikki slikt Udyr. At ein Galning, ein Brotmann kann bera seg slikt aat ligg utanfor all Kunst. Det er for Politiet og Domaren og Skarprettaren. Denne heile Maaling af Bonden er kavraa. Nei, det maa vera Skjemt over Tidarsmaken.
Og naar vi sjaa all denne Styggedomen i dette Ljos, so kunna vi med den reinaste Gleden njota Agnes, denne menneskelege Kona til denne Skuggen, denne Møkkurkalven, dette "Abstractet", dette "Begrebet", som tvilar og den Daaren, naar det rett gjelder paa, so han just ingen Mann er til at omskapa Livet; men denne Tvil maa hava ei satirisk Meining og liksom setja den Lesaren paa rett Leid, som kunde taka Mannen aalvorsam. Han er altso til Slutt "halv" han og.
Naar alt verdt slikt forklaarat, so kunna vi njota alle dei mange fagre Ting i Brand f. Ex. daa han i 2den Act kastar seg i Baaten i all den Stormen forat sigla som Prest til denne Mannen, som drap Ungen sin, og Agnes, upeldat af Storleiken hans gjeng med. Der kunna Taarerne renna reine.
Der er Maalingar, som mest ero makalause, sosom daa han der stend i Baaten.
Saa svart som Korpens Vinge slaar
i Veiret vildt hans vaade Haar.
Og der Brands Moder verdt maalat (Side 64).
Hvem er hun, som jordvendt kommer
klavrende opover Bakken,
kroget, ludende med Nakken?
For at puste, maa hun staa,
støtter sig for ei at slingre,
griber med de lange Fingre
hvasst i sine dybe Lommer,
som en Skatt hun slæbte paa.
Om den visne Benrad slænger
Stakken som en Fjærhams Lægg;
Haanden krummer sig som Tænger,
hun er Ørnen lig, der hænger,
spigret paa en Stabbursvægg.
Det er ellers berre af dette greidt at sjaa, at Ibsen er paaverkat af Wergeland. Slike Paaverkningar ero mange her og der, liksom han og imillom er paaverkat af Bjørnson sosom i Adjectiverne og Talemaatarne: "dæmpet som i en Kirke", "istappkolde", "Viljetvætt", "Løftningsjublen lyser", "Lov og Pris gaar trolddomsbaaret som en Isstrøm gjennom Haaret", "knirke", "skrige", "skjærende Mislyd"; og daa han heng i Wergeland, so er det Wergeland paa tridje Handi. Desse Poeterne ero som sagt paa ingen Maate originale. Og om dei kunde vera det af Naturen, so hava dei solilet Studium, at dei ero dømde til at lappa upatter gamle Skor. Wergeland var eigenleg heller ikki original. Han kunde f. Ex. ikki riva seg laus fraa all den Svulsten til Klopstock og Ewald. Nei, daa er Welhaven langt meir original.
Du vil likeins kjenna Wergeland atter i denne leikande Naturmaaling (Side 31).
Se, Agnes, se den Stribe blaa,
som Solens Glød nu glittrer paa;
snart kruser den sig, snart den ler,
snart er den Sølv, snart er den Rav;
det er det store, friske Hav,
som du der yderst ude ser!
Og kan du se den mørke Røg,
som længe langsmed Leden strøg?
Og kan du se den sorte Prik,
som nu just rundt om Næset gik?
Se, det er Dampen; – din og min!
Nu staar den Fjorden lige ind!
Iaften staar den ud fra Fjord,
tilhavs, med dig og mig ombord!
Der slører Taagen tung og graa. –
Sig, Agnes, fik du Øie paa,
hvor smukt sig Hav og Himmel malte?
Det vilde ikki vera snart gjort at tøma ut alt det Skjemtet i Brand f. Ex. der han paa dei mange Stadar snerter Philosophering i Dikt og talar om det store i at "ville." Det er nemlig ei lett Sak at vilja nokot, men at gjera det er verre, og Brand prækar daa og Handling paa sine Stadar. Der er i det heile ei slik Rørekjøre af Prestlære og Livslære, at det maa vera meint i Skjemt over umogne, faakunnige Poeter, som gjeva seg af med at upkasta seg til Lærarar for Land og Folk.
Men, om no aldri somange af desse Ting skulde raaka til at vera subjectivt Aalvor og objectiv Skjemt, so er der endaa ein poetisk Styrke i Brand, som gjerer det til eit merkjelegt Dikt, og som fortener si Riksløn vel so godt som nokot Arbeid af Bjørnson; for det kann trygt verda utsagt, at Ibsen er ein større Diktare, og at hans Inflytelse paa vaar literære Utvikling vil koma til at vera større. Men, taka dei ikki snart Staven i ei annan Hand, so verdt det no ikki nokon stor Inflytelse nokon af deim vil hava, det er ikki for det. Her kjem vel eingong ein Norsk Macaulay til at finna den rette Plassen for deim og andre. Vi standa so up i det, at vi bør tvila paa vaare eigne Meiningar.
Som Døl eller "Norsk-Norsk" Mann maa eg ellers synas, at det spaar godt for vaar Literatur, at disse vaare Poeter, som no ero mest uppe i Dagen, slikt riva seg lause fraa det virkelige Liv og jaga up i Skoddeheimen. Paa den Maaten kjem Folkets Liv likesolitet fram som Folkets Spraak. Det er ein kunstig Cultur. "Det kann vera for Byfolk", som Storthingsmennerne sagde om dei "Nygifte". Og med all Vyrdnad for "Byfolk", so er endaa ikki det Nationen. Solenge ikki han kjem til Ords, so ligg der litet Lag paa all slik Poesi. Det er det inførde Maalet og den utanpaahengde Culturen, som meir og meir krabbar fram mot Fallitten sin. Men alt skal hava si Tid, og det er ikki ventande, at det skal ganga fort. Det er godt vi kunna faa sovidt myket Usanns.
https://www.hf.uio.no/is/tjenester/kunnskap/ibsen-arkivet/tekstarkiv/anm/br/br-a-o-vinje.html
og
Vesaas, O. (2001). A.O. Vinje : ein tankens hærmann. Oslo, Cappelen. s. 349