Image
Arne Garborg ca 1890
Dato
august 1887

Arne Garborg har mistet jobben. Nå er han ikke lenger statsrevisor i hovedstaden. Han er blitt for radikal for sin arbeidsgiver.etter å ha utgitt romanen Mandfolk. Dermed er også hans økonomiske situasjon blitt mer prekær. Været er elendig, og han er tung til sinns.

Han skriver:

"Tredje brevet, August l 887.

Ja mi sæl vart eg avsett frå Statsrevisjonen. Og det var ikkje Christian Friele som gjorde det, men mine eigne stortingsbøndar - med sine prestar. Ja ja. Det er den nye fridomen, ser du. Fridomsmennane styrer; kva skal me med fridom då? Surne segjer eg vart avsett fordi at eg ikkje var kriste­leg; det er kje sant; eg var likso kristeleg so som då eg vart innsett. Andre segjer det var av di eg hev gjevi ut «Mannfolk»; men det er ikkje heller sant; Hans Jæger skreiv «Kristiania-Bohemen», han; men enno er han stortingsreferent.* Nei; men eg hadde i seinare tid skrivi eitt og anna um Sverdrupstyret, og um stortings­bøndane med sine prestar; skjelt for dei ikkje gav Kiel­land diktarløn; ylt for at dei lagde forbod på «Alber­tine»; og då alt dette var noko som eg etter grunnlovi hadde rett til, - so tok dei frå meg matbiten. Som rimelegt var; kvi skulde dei kje det? Kvi skulde dei tola kritikk når dei hadde magti? Det er ikkje mange tyrannar dessmeir som toler kritik; so var det kje ven­tande at fridomsmennane skulde tola 'n. Når dei hadde magti! Og den hadde dei. Eg stod åleine på sjakkbrettet.

Hadde korkje bøndar eller figurar til å verja meg. Dei kunde slå meg trygt - med bonden sin. Og dei slo meg. Det gjekk stilt og fint som dei hadde tenkt. Ein kunde tru, at når ein norsk borgar vart straffa med «embedsfor­tabelse» for di at han hadde Hvt etter § I 00 um prente­fridom, so vilde dei fridomselskande nordmennar bli fornærma; - ja du hugsar kor me ståka i Kiellandssaki og Albertinesaki. Men ingin vart fornærma. Den store fridomskjempa som i Kiellandssaki hadde vori so god og djerv, tagde; eg høyrde kje til hirden. Bohemen tagde; eg høyrde kje til ringen. Mine gode venir i bladi tagde, eller halvtagde. Christian Friele skar tennar og lo. Oftedølane i sine blad skreiv: «Forfatteren av den svinske Bog, 'Mannfolk' er fjernet fra sin Stilling som Statsrevisor.» Eg hadde skrivi Mannfolk; eg vilde innføre fleirgifte. Men no vilde det norske folk hava eingifte; og det frie ord vilde me hava i vårt frie land, men ikkje for andre enn deim som heldt på eingifte. Skul de § 100 gjelde for ein polygamist? Nei død og pine. Eg fekk liggje på mine gjerningar; § 100 fekk sova i Guds namn. - Dette forstod nok ikkje du «Fedraheim»; for eg tyk­kjest hugse at du var arg og gav vondt. Men det kjem du til å svide fyri. Eg, som hev lært, skal ut av min dyre visdom segja deg eit ord; eg skal kviskre det i øyra på deg so ingin høyrer det: d' er magti som rår, sa guten, <lengde katta. Hev du høyrt det fyrr? Nå; dess verre for deg, som ikkje hugsa det.

Sant å segja, gut: eg er litt flat.Seks-åtte av mine år hev eg sumla burt med det verstetull, for at <lesse fridomsmennane kunde koma til magti. No, då eg trudde at eg minst måtte vera likso fri som fyrr til å tenkje og tala, set dei meg på dør, for di at eg hevlivtetter§ 100. Du kann gå no, farr; ser du kje at me hev vunni? - segjer demokratane. Tenk, tru på fridomsmennar. Hev du høyrt likt? Og tru på folket? Hev du høyrt slikt? Folket vil kje ha rett. Det fekk ikkje rett heller. Christian Friele fekk rett. Og det fekk han, av di han var ein gaman podagrist som forstod verdi. Haldt munnen din, «Fedraheim» ! Tru som du vil; Hv som du vil; men haldt munn! Dette er fridomen. Ein ting vil folket takke deg fyri: at du læt det få fred til å vera under pisken. Ein ting vil det hengje deg fyri: der­som du vil gjera det fritt. K va skal bonden med fridom? Han gjeng til presten og segjer: kjære, bind hendar og føtar på meg, far. K va skal presten med fridom? Han gjeng til altaret og bøy­gjer seg for eit stykke tre: bind tanke og vilje på meg, Herre! Og fetischen bind presten, og presten bind bon­den, og bonden bind lovgjevaren og lovgjevaren bind oss alle; men i løyndom spottar me våre band; i løyn­dom drikk me vin og ligg med kvinnfolk og segjer: <lesse toskute bøndane. Dette er fridomen, den sanne og høge folkefridom. Å ! kor eg forstend mine uvenir no. Eg tek hatten av meg for Christian Friele som forstod folket. Men mine venir bør inn i Statsrevisjonen alle. -Denne visdomen var meg dyr; men du skal få hantil gjevande, «Fedraheim», av di du var fåvis og for-svara fridomen på ein dag, då det ikkje var opportunt å forsvara fridomen. * - At eg ikkje hev skri.vi fyrr? Ja du kann so segja.Det vart ikkje stundine som skulde vante i år. Eg varso fri ein fant som jordi kunde bera; ingin å tene hadde eg, og ingin å få løn av. Eit lite arbeid hadde eg lova burt, men det skulde eg ikkje fortaka meg på; eg hadde fengi pengane fyriåt. Det var nok so at eg gjekk og maksla på ei ny bok - ein bonderoman frå Vestlandet; ei sogu um fetischen som bind presten og presten som bind bonden -; men den hasta det kje heller med; etter «Mannfolk» kunde det endå vera eit spursmål um eg fann reidar til ho. Eg var glad i grunnen. Posten min skul de. eg ikkje sakne so lengi eg åtte ei halvkrone; og so fri som no hadde eg ikkje vori på mange år. Det skulde vera herre­liv å gå laus so lengi som tvo-tri månader. Framtidstankane tyngde meg mindre enn du trur. Eg var ungkar og spelemann og skulde vel alltid tene det eg turvte til meg sjølv; det vart mine kravshavarar som fekk svide. Men verdi er ikkje som ein trur. Du kann drøyme at du er fri som øm i sky; men når du vaknar sit du i buret ditt like godt, og kann ikkje koma ut um du drap deg. Eg sat i Kolbotnen fantefri og fornøgd og gav all verdi ein god dag; men då eg skulde sjå meg til, so var det buret eg sat i, her som ein annan stad.

Pengesorgine tok til å koma etterkvart; og so er det desse gjentesorgine ein ungkar jamt skal hava å dragast med. Ja; for no, då eg hev mist det meste av håret mitt, og tri jekslar, og dertil mitt gode namn ... no var det ei som tenkte at dette kunde vera noko å gifte seg med. Og då eg etterpå alt hadde mist posten min, vart det reint gildt; ho kunde ha fylgt meg til byfuten med same. Dei er so nervøse, desse kvinnfolki: ho vil de vel de­monstrere mot Stortinget på sin måte. Men ... men ... Nåja; so forstend du korleis det kann vera. Tankane held seg på sin kant dei; og du kann tru eg hev skrivi Kolbotnbrev nok, um eg ikkje nettupp hev sendt deim til «Fedraheimen». Men no lid det so langt at eg snart skal til byen att. Og so fær eg ruske ihop eitkvart til deg au, for skam skuld. Eg kjem ikkje ut i dag kor som er; det er so stuslegt med veret."

Korrekturlest?
Nei
Kilde

Garborg, A. (1996). Kolbotn-brev. Oslo: Aschehoug. s. 27

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008061900079?searchText=